Dei siste fem frivilligprisane i Frivilligheita sitt år.

Gjennom frivilligheita sitt år 2022 har Ullensvang kommune og frivilligsentralane delt ut ein Frivilligpris for kvar månad i året.

Dei siste fem av desse tolv prisane vart delt ut under eit felles arrangement på Iris Scene Odda torsdag 15. desember. Så desse prisvinnarane var forberedt på det som kom. Det gjorde at det vart ei veldig fin og høgtideleg stund. Ordføraren stilte i sin flotte skrud, og leste opp juryens begrunning til kvar og ein av prisvinnarane som kom fram i forsamlinga og tok i mot både gode ord, gratulasjonar, pris, blomar og effektar frå Friluftshovudstaden.

Vidare la ordføraren vekt på den vanskelege oppgåva juryen har hatt. Innbyggjarane har nominert mange verdige kandidatar til prisane, og det har ikkje vore enkelt å velge ut berre 12 av desse frå den flotte frivillige sektoren i kommunen vår. Han vektla difor at dei utvalde vinnarane måtte ta med seg at akkurat dei var vald ut blant veldig mange, flotte kandidatar.

Etter den formelle delen av programmet var over, var det tid for kos og mingling. Eit deilig koldtbord frå Zinken mat og drikke samt ei kjempestor kake frå Trolltunga bakeri falt i god smak hos forsamlinga, og praten og latteren satt laust rundt dei festkledde borda på Iris Scene. Ordføraren runda av med å seie at sjølv om dei tidlegare prisane vart delt ut overraskande på vinnarane under ulike hendingar rundt om i kommunen, så var det noko spesielt med å samle fleire prisvinnarar på denne måten - slik at ein blir kjend med andre i frivillig sektor og alt det flotte som foregår her rundt i kommunen vår.

Dei som fekk dei fem siste prisane var:

VI GRATULERER!


2024 © Odda Frivilligsentral