-
Frivilligprisen 2024 til Sigbjørn Kambestad!
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt frivilligprisen 2024.
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.Frivillig sektor er ein av dei tre store samfunnssektorane i Norge, saman med offentleg sektor og næringslivet. I Ullensvang kommune er frivillig sektor mangfaldig og sterk. I desember 2020 fatta Ullensvang kommunestyre vedtak om at det skulle verta utarbeidd ein frivillig- og samspelstrategi som skal legge til rette for vekst og utvikling for frivilligheita som ein uavhengig samfunnssektor. Frivilligsentralane i Ullensvang har fått som oppgåve å lede dette arbeidet.
Formålet med å kartlegge frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune er å legge grunnlaget for ein lokalt tilpassa strategi som reflekterer lokale behov og moglegheiter. Gjennom kartlegginga vart alle frivillige lag og organisasjonar invitert med inn i arbeidet, og på den måten påverke og bidra til det vidare arbeidet med strategien. Hausten 2023 vart ein stor spørjeundersøking rulla ut, og i desember hadde me tre folkemøter for frivillig sektor i Odda, Kinsarvik og Jondal.
Vi takkar frivillig sektor for alle gode innspel og for at dei har delteke i kartlegginga - dette gjer at vi no har eit godt grunnlagsmateriale til frivillig- og samspelstrategien!
Rapporten frå kartlegginga finn du her:
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
No skal arbeidet med utarbeiding av strategien i gang i samarbeid med representantar frå kommune og frivillig sektor, og den er planlagt å vera ferdig innan april 2025.
Del på:
-
Frivilligprisen 2024 i Ullensvang kommune
Innan 1. oktober 2024 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i Ullensvang kommune
-
Natteravnane i Odda: Startskot for vårsesongen
No startar Natteravnane i Odda vårsesongen sin, og det er rom for fleire ravnar utover våren.
-
Gratulerer, takk og lukka til, David!
I dag har David Strand sin siste dag i praksis her på frivilligsentralen.
-
Digital heimehjelp?
Vi søkjer frivillige til digital heimehjelp.