Gratulerer, takk og lukka til, David!

I dag har David Strand sin siste dag i praksis her på frivilligsentralen.

David arbeider til vanleg i 50% stilling på Utneheimen samstundes som han studerer til sjukepleiar i 75% på Høgskulen på Vestlandet. I forbindelse med at han no tar emnet Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv, søkte han om å få ha praksisen tilknytta dette her på sentralen. Så i 5 veker har no har vi hatt gleda av David si erfaring, kompetanse og gode vesen i vår daglege drift.

Våre brukarar har óg hatt stor glede av David. Han har i tillegg til å ivareta dei på ein strålande måte utført ulike prosjekt under sin praksis her, og vi kjem til å sakne han no når han er ferdig.

Vi gratulerer David med vel bestått praksis som vi har feira med lunsj på Bokkotunet i dag. Vi takkar for alt han har tilført sentralen den stunda han har vore her, og ynskjer han lukke til med den siste tida som student. Vi krysser fingrane for at våre vegar møtes igjen! :)


2024 © Odda Frivilligsentral