KULTURCAMP FOR UNGDOM FRÅ 7. TRINN - HELG 2 AV 3

I samarbeid med Ullensvang kulturskule og andre kulturutøvarar i Ullensvang inviterer vi på ny til Kulturcamp for ungdom! Aldersgrense: 7. trinn til og med vidaregåande.

I år legg vi opp til 3 ulike helger med workshops. Nokre workshop'ar følgjer varer gjennom alle tre helgene, mens andre er gjerne berre ein eller to gonger. Kulturcampen er gratis, og du får lunsj dei ulike dagane. Varighet er tilpasse våre lokale bussruter (sjå nedst på sida).

Den andre helga er 25. - 26. november. Søknadsfristen er 22. november, og du kan søke her på vårt googleskjema.  
Samtykkeskjema med praktisk info og tilbakemelding/informasjon om allergier o.l. vert sendt ut etter påmelding. For spørsmål, ta kontakt på e-post: frivillig@ullensvang.kommune.no eller ring 475 12 152. 

På camp 2 av 3 kan du velge mellom fylgjande workshop''ar på Odda ungdomsskule:

SANG/MUSIKK/BAND
Laurdag 25. november og sundag 26. november frå klokka 12.00 - 17.00
Inspirasjonskurs for deg som syng eller spelar instrument. Her får du veiledning frå lærarar på kulturskulen, prøve ut samspel med andre, spele i band eller få tips om korleis du kan jobbe vidare med det du held på med. Workshop'en føregår laurdag og sundag alle kulturcamp helgene.
Instruktørar: Tore Bergum og Trond Berg.

DESIGN/REDESIGN
Laurdag 25. november og sundag 26. november frå klokka 12.00 - 17.00
Lurer du på korleis du går fram for å designe noko nytt ut frå noko gamalt? Er du interessert i klede og tilbehør? Ta med deg eit plagg eller to som du ynskjer å fornye til noko anna. Kan bestemor sin kjole bli til eit nytt trendy plagg? Kan gamle gardinger bli kule interiørdetaljar som puter eller kanskje ei kul veske. Kun fantasien set grenser.
Instruktørar: Vilde Takla og Olexandra Golovatska.

HEKLEKURS: Korg eller veske
Laurdag 25. november frå klokka 12.00 - 17.00
Her får du erfaring med å hekle - vi hekler korger eller veske. Noko du kan gje vekk til jul, eller kanskje bruke sjølv. Ingen forkunnskaper nødvendig.
Instruktør: Elin Myran.

TEIKNING/MALING
Sundag 26. november frå klokka 12.00 - 17.00
Likar du å teikne eller male? Her får du innføring i ulike male- og teikneteknikkar, og workshop'en fortset kvar sundag i alle kulturcamp-helgene.
Instruktør: Johild Mæland.

SAGING I MESSING
Sundag 26. november frå klokka 12.00 - 17.00
Her får du prøve å lage dekorasjonar, julepynt m.m. av messing som du sager ut og dekorerer. Vert etterfulgt av workshop sundag 04.02.24 "Bruk ditt eige sølvbestikk".
Instruktør: May Helen Bleie.

UKM 2024
I februar 2024 er det for første gong i Ullensvang kommune planlagt UKM festival - Ung Kultur Møtes - der lokale ungdomar kan syne fram ulike kulturaktivitetar dei held på med og der nokre av bidraga vert sendt vidare til fylkesfinalen og eventuelt ein landsfinale. Les meir på UKM sin nettstad.

BUSSRUTER LAURDAG/SUNDAG

  • Frå Kinsarvik kl. 10.15, retur  kl. 17.25
  • Frå Jondal kl. 11.10, retur kl. 17.30
  • Frå Utne kl. 11.25, retur kl. 17.30
  • Frå Røldal/Skare går det diverre ikkje bussar som passar desse dagane, og vi oppfordrer difor deltakarar her i frå til samkøyring.


2024 © Odda Frivilligsentral