KULTURCAMP FOR UNGDOM FRÅ 7. TRINN

I samarbeid med Ullensvang kulturskule og andre kulturutøvarar i Ullensvang inviterer vi på ny til Kulturcamp for ungdom! Aldersgrense: 7. trinn til og med vidaregåande.

I år legg vi opp til 3 ulike helger med workshops. Nokre workshop'ar følgjer varer gjennom alle tre helgene, mens andre er gjerne berre ein eller to gonger. Kulturcampen er gratis, og du får lunsj dei ulike dagane. Varighet er tilpasse våre lokale bussruter (sjå nedst på sida).

Den fyrste helga er 28. - 29. oktober. Søknadsfristen er 24. oktober, og du kan søke her på vårt googleskjema.  
Samtykkeskjema med praktisk info og tilbakemelding/informasjon om allergier o.l. vert sendt ut etter påmelding. For spørsmål, ta kontakt på e-post: frivillig@ullensvang.kommune.no eller ring 475 12 152. 

På camp 1 kan du velge mellom fylgjande workshop på Odda ungdomsskule:

SANG/MUSIKK/BAND
Laurdag 28. oktober og sundag 29. oktober frå klokka 12.00 - 17.00
Inspirasjonskurs for deg som syng eller spelar instrument. Her får du veiledning frå lærarar på kulturskulen, prøve ut samspel med andre, spele i band eller få tips om korleis du kan jobbe vidare med det du held på med. Workshop'en føregår laurdag og sundag alle kulturcamp helgene.
Instruktørar: Tore Bergum og Trond Berg.

LAGE EVENT: UKM 2024
Laurdag 28. oktober frå klokka 12.00 - 17.00
Lurer du på korleis du går fram for å lage ein event eller eit arrangement? Dette får du du meir innsikt i på denne workshop'en. Vi tar for oss planlegging og gjennomføring av ulike arrangement: Alt frå å søkja midler/ få sponsorar, designe plakat/reklamemateriell, SoMe, service, HMS - kort sagt: alt du treng å vite for å arrangere noko. Vi tar utgangspunkt i å arrangere UKM i Ullensvang i mars 2024. Les meir om UKM nedanfor. Workshopen vert etterfulgt av to workshop'ar til i dei neste to kulturcamp-helgene.
Instruktør: Elin Myran.

KERAMIKK
Sundag 29. oktober frå klokka 12.00 - 17.00
Leire er eit fantastisk materiale å arbeide med. Ynskjer du å utvikle og utforske skaparglede og kreativitet med leire som verktøy er dette kurset noko for deg. Workshop'en vert etterfulgt av ein del to for maling/dekor av gjenstandane ein lagar. Vi kjem tilbake med dato for denne.
Instruktør: Izabela Prestegård.

TEIKNING/MALING
Sundag 29. oktober frå klokka 12.00 - 17.00
Likar du å teikne eller male? Her får du innføring i ulike male- og teikneteknikkar, og workshop'en fortset kvar sundag i alle kulturcamp-helgene.
Instruktør: Johild Mæland.

MEKK DEG DI EIGE SØLJE
Sundag 29. oktober frå klokka 12.00 - 17.00
Her bruker me det me har liggande av materialer. Symmetri, fargar, tradisjon og komposisjon av norsk handverk er emner ein kjem inn på under workshopen. Vert etterfulgt av workshop laurdag 25.11.23 "Saging i messing" og sundag 04.02.24 "Bruk ditt eige sølvbestikk".
Instruktør: May Helen Bleie.

UKM 2024
I mars 2024 er det for første gong i Ullensvang kommune planlagt UKM festival - Ung Kultur Møtes - der lokale ungdomar kan syne fram ulike kulturaktivitetar dei held på med og der nokre av bidraga vert sendt vidare til fylkesfinalen og eventuelt ein landsfinale. Les meir på 
UKM sin nettstad.

BUSSRUTER LAURDAG/SUNDAG

  • Frå Kinsarvik kl. 10.15, retur  kl. 17.25
  • Frå Jondal kl. 11.10, retur kl. 17.30
  • Frå Utne kl. 11.25, retur kl. 17.30
  • Frå Røldal/Skare går det diverre ikkje bussar som passar desse dagane, og vi oppfordrer difor deltakarar her i frå til samkøyring.



2024 © Odda Frivilligsentral