Frivilligprisen for september 2022!

Vi gratulerer den iherdige, humørfylte og spreke gjengen - Stigruppa i Odda og Ullensvang Turlag - med Frivilligprisen for september månad!

Den blide og herlege gjengen som utgjør Stigruppa stilte mannsterke opp på den felles utdelingsermonien (les meir om denne her) og fekk prisen sin. Olav Moldekleiv, som er sjølvaste "basen" for gjengen, tok i mot pris og blomar på vegne av gruppa. Og alle i gruppa fekk utdelt drikkeflasker og buff'ar med Frilufthovudstaden sin logo - noko som var ei særdeles godt passande gåve til denne gjengen som er med å syt for at Ullensvang kan bruka denne betegninga. 

I forkant av sjølve utdelinga, las Ordførar Roald Aga Haug opp juryen si grunngjeving:

Gode medlemmer av Stigruppa!

Mange år, mange dagar og utrulig mange timar er lagd ned av Stigruppa i naturen rundt oss. De utbedrer og vedlikeheld, rustar opp og sikrar svært mange av stiane som blir hyppig brukt av både innbyggjarar og tilreisande

De er ein ressurs og kilde til glede for Ullensvang kommune, for lokalsamfunn, for grupper og for enkeltmenneske. Effektive, arbeidssomme, rause og fulle av godt humør. Dette kjennetegner medlemmene i Stigruppa blir det fortalt. Vidare syner de i praksis at pensjonistar er ein av dei største frivillige ressursane vi har.  Men her er meir. Det arbeidet de gjer i Stigruppa fremmer folkehelsa, det får folk ut av einsemd, det gjer naturopplevingar meir tilgjengelege, og gjev både kvalitet og sikkerheit til tur- og friluftslivet i Ullensvang kommune. Gjennom å ha opparbeid eit godt forhald til og samarbeid med grunneigarar og næringsliv, er vegen til Stigruppa mindre kronglete.

CV'en dykkar er lang. Mange stiar og område har nytt godt av dykkar innsats. Vi kan nemne nokre:

 Hildal - Brekke

Strand - Sandvin

Eidesåsen  - Eidesnuten

Tokheimslia, Støladalen og vidare til Holmaskjer, der de har bygd 5 store, gode og solide vardar på vegen.

Kulturstien på Mannsåker

Mågelitopp

Og no sist Hovden, der de både rydder i naturen, sikrer underlag på leikeapparater og syt for at området er tilgjengeleg for alle. 

Det arbeidet de har lagt ned i friluftslivet i kommunen er både imponerande, prisverdig og ikkje minst avgjerande for både glede, helse og trivsel blant både dei som bur her og dei som kjem på besøk. Det er difor ei stor gleda å kunne overrekka Stigruppa Frivilligprisen for september!

Olav takka for prisen på vegne av gruppa, og la til at dei håpar folk nytter stiane mykje - og gjerne tråkkar dei ned.

Vi gratulerer Stigruppa med ein veldig fortent Frivilligpris!

2024 © Odda Frivilligsentral