Frivilligprisen for oktober 2022!

Vi gratulerer ein veteran innan multifrivillig arbeid - Terje Blaker - med Frivilligprisen for oktober månad!

Frivilligprisen for oktober går til ein kar som har vore innom utrulig mykje frivillig verksemd i Røldal. Under utdelingsermonien (som du kan lese meir om her) på Iris Scene, fekk Terje overrakt pris, blomar og effektar frå Friluftshovudstaden av Ordførar Roald Aga Haug, og han takka varmt for denne. 

Terje sa vidare at prisen gav inspirasjon til å halde fram med frivillig virke, og spøkte med at han ikkje visste om det var fleire lag eller foreiningar å starte. Vidare takka han særleg kona Berit for god støtte og oppmuntring, og la vekt på at det alltid er nokon bak som pushar på.

Her er juryen si grunngjeving som Ordføraren las opp ved utdeling:

Kjære Terje!

Du er ein kjent og kjær skikkelse i frivillig sektor både i Røldal og i Ullensvang. Du har, og har hatt, mange verv og leiarverv i ulike lag. Alt frå skulekorps til pensjonistlag, frå sokneråd til Røldalsmarknad. Du står bak tiltak som datahjelp og tirsdagskafe for eldre, drift av turist tilbud og pilgrimsaktivitetar og mykje meir. Du er og synleg utover Røldal sine grenser, og sit blant anna i Eldrerådet i Ullensvang kommune. 

Og så har du ein hobby du har hatt sidan du var barn. Vi har blitt fortalt at når du vaks opp i Oslo var du særdeles interessert i modellfly. Du var medlem i modellflyklubben Cirrus, der du blant anna gjekk saman med ein annan kjent skikkelse - Øystein Sunde. Når du flytta til Røldal på slutten av 90-tallet tok du med deg denne interessa, og tok etter kvart initiativ til å etablere Røldal RC klubb. Denne har du dreve på imponerande vis, og fått med deg både born og vaksne og skapt gode generasjonsmøter. Klubben har ei imponerande samling av modellflyt, modellbilar, verktøy og flysimulator der barn, unge og vaksne møtes på tvers av alder for å reparere, lime, prate, fly simulator og ha sosiale samkome.

Ditt heilhjerta engasjement for bygda di og for å skapa gode fritidsaktivitetar for unge og eldre i Røldal, gjer at det er ei stor fornøying å overrekka deg Frivilligprisen for oktober!

Vi gratulerer Terje med ein særs fortent frivilligpris!

2024 © Odda Frivilligsentral