Frivilligprisen for mai 2022!

Vi gratulerer den alltid positive og frivillige Kaia Gulbrandsen med Frivilligprisen for mai månad!

Sjølv om Frivilligprisen for mai månad kom seint, kom han godt. Under ein felles utdelingsermoni med lunsj og kakefest fekk endeleg Kaia overrekt prisen sin. Du kan lesa meir om sermonien her.

Kaia tok gledeleg i mot prisen, og la vekt på at denne var mynta ikkje berre til ho, men til heile det fabelaktige frivillige livet i Herand. 

Ordførar Roald Aga Haug las opp juryen si grunngjeving:

Kjære Kaia!

Du er godt kjend i både Herand og rundt omkring som ho som alltid er positiv til frivillig arbeid. Du blir faktisk beskreve som ein av dei mest positive og engasjerte frivillige som finnes. Du har vore engasjert i ulike lag og foreiningar, og er kanskje mest kjend for ditt trufaste engasjement i Herand Bygdelag. Eit bygdelag som gjer utrulig mykje godt for bygda si – der du er ein svært viktig faktor. Du er og kjend for å vera ein stor pådrivar og igangsetjar av den nye aktivitetsparken ved Kulturhuset i Herand i tillegg til mykje anna til gode for lokalsamfunnet opp igjennom åra.

Du er gjennom ditt arbeid i bygdelaget ein av nøkkelpersonane for Herand Bygdeblad som har kome ut fleire gongar per år sidan 1994, og som tar for seg små og og større begivenheiter i bygda.

Mon tru om denne Frivilligprisen blir omtalt i neste nummer?  Det vert sagt at du likar deg best i bakgrunnen, og helst ikkje vil ha så mykje oppmerksamheit rundt det arbeidet du gjer og all den tida du bruker på det. Vi satsar difor på at nokon av dei andre i bygdebladet tar ansvar og får både deg og prisen på trykk.

For du fortener verkeleg både merksemd og jubel for alt det flotte du har gjort, det du gjer og heilt sikkert det du kjem til å gjera for bygda di. Det er difor ei stor gleda å overrekka deg Frivilligprisen for mai månad!

Vi gratulerer Kaia så mykje med ein vel fortent frivilligpris!




2024 © Odda Frivilligsentral