-
Frivilligprisen 2024 til Sigbjørn Kambestad!
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt frivilligprisen 2024.
Frivilligprisen for desember 2022!
Vi gratulerer ein gjeng med fabelaktige damer som gjer ein stor innsats i bygda si - Skare Bygdekvinnelag - med Frivilligprisen for desember!Omlag halvparten av dei 24 medlemmene i Skare Bygdekvinnelag møtte opp for å ta i mot Frivilligprisen under sermonien på Iris Scene som du kan lese meir om her. Sprudlande glade og takksame var denne fine gjengen, og leiar Gunvor Stana Seljestad tok i mot pris og blomar frå Ordførar Roald Aga Haug. Ho takka på vegne av dei andre i laget, og sa at det var ei stor æra å ta i mot prisen. Det høyrer og med til historien at Ordføraren nytta høvet til å få eit langbord med bord damer under lunsjen etterpå.
Her er juryen si grunngjeving:
Kjære Skare Bygdekvinnelag!
Bygdekvinnelaga er svært viktige kulturbærarar i Norge. Dei er og svært viktige her i Ullensvang.
Bygdekvinnelaga tar vare på og bringer vidare kulturarven vår. Dei skapar inkluderande møteplassar, utflukter og arrangerer ulike hendingar og aktivitetar til glede og nytte for både eigne medlemmer og andre. Og dei er svært viktige i lokalsamfunna dei lever i.
Vi har forstått at Skare Bygdekvinnelag har ein særskilt posisjon i Skarebygda. Den frivillige innsatsen som blir lagd ned i dykkar regi til beste for innbyggarane, både i Skare men og i andre delar av kommunen, er noko som alle set veldig stor pris på.
I tillegg til dette har de også noko spesielt, og veldig verdifullt, de bruker tid på. De har ei svært stor betydning for skulebarna i Skare. Gjennom ei årrekke har de bidratt inn i skulen. Skulelunsj for alle på skulen, lappesteiking, grøtlaging, strikking, koking av betasuppe er gode eksempel på dette. De er alltid på tilbodsida, legg til rette for eit tett og nært samarbeid med skulen, og syt for gode generasjonsmøter med kulturformidling, kos og fine samtalar.
Under Covid-19 var savnet etter bygdekvinnelaget stort på Skare skule, og det er ei lettelse no når Bygdekvinnelaget igjen er ein godt integrert del av skulen og bidrar med både undervisning og tilrettelegging av ulike aktivitetar. Vi er djupt imponert over det engasjementet de legg ned både i enkeltmenneske, skulen og bygda dykkar, og det er difor ei stor æra å få overrekka Skare Bygdekvinnelag frivilligprisen for desember månad!
Vi gratulerer Skare Bygdekvinnelag med ein utruleg fortent pris!
Del på:
-
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.
-
Frivilligprisen 2024 i Ullensvang kommune
Innan 1. oktober 2024 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i Ullensvang kommune
-
Natteravnane i Odda: Startskot for vårsesongen
No startar Natteravnane i Odda vårsesongen sin, og det er rom for fleire ravnar utover våren.
-
Gratulerer, takk og lukka til, David!
I dag har David Strand sin siste dag i praksis her på frivilligsentralen.