Frivilligprisen for juni 2022!

Vi gratulerer Bademeisteren i Tyssedal - Frode Seljestad Hjørnevik - med Frivilligprisen for juni!

Etter nokre månaders opphald, ga endeleg kalenderane til ordføraren og travle prismottagarar rom for utdeling av fleire Frivilligprisar i Frivilligheitsåret. Og når Odda Fotballklubb arrangerte ein flott temakveld med Marco Elsafadi i kinosalen, og vi fekk nyss i at to prismottagarar skulle vera i salen, så tenkte vi at dette var ei super anledning til snika oss inn og dela ut prisane for juni og juli med publikum i salen.

Så ville skjebnen det annleis. Frode vart sjuk, og kunne ikkje stilla. Men Rolf Rene Listheim, leiar i OFK, visste råd. Han fekk overtalt prisvinnaren sin betre halvdel til å ta i mot prisen - og ho fekk gleda over å overraske Frode i heimen.

Ordføraren vår, Roald Aga Haug, stilte ulasteleg antrukke i dress med ordførarkjede som vanleg. Han kom direkte frå Oslo i siste sekund for å dela ut Frivilligprisane. Fordi, som han seier, "dette er svært viktig". Så sant som det er sagt.

Og her er orda til Frode, og juryens begrunning:

Kjære Frode!

I tillegg til å vera ein aktiv trenar i OFK, så er du nok best kjend som Bademeisteren i Tyssedal.

Tidleg og seint, vår, sommar, haust og vinter syt du og ditt frivillige engasjement for at Badedammen skal kunna driftas og vera til glede for små og store brukarar frå Tyssedal, frå Ullensvang og for tilreisande gjester i sommarsesongen.

Alt i frå å følgje med på vatn, spyling, kosting, maling, hogst og plenklipping til kloring, rensing, reinhald og organisering av badevakter – du har stålkontroll. 

Du er eit skikkeleg stå på menneske! Tyssedølar og alle vi andre i Ullensvang heier på deg og dei andre ildsjelane du har med deg – og er svært takknemlege for den innsatsen de legg ned i Badedammen –  som er ein viktig møteplass og ettertrakta aktivitetstilbod som vi er stolte av  her i Ullensvang.

Det er difor ei stor gleda å overrekka deg Frivilligprisen for juni månad!

Vi gratulerer Frode så mykje med ein velfortent Frivilligpris!

Lurer du på kven som vann den andre prisen denne kvelden? Les om vinnaren av Frivilligprisen for juli her.

(Juryen har allereie vedtatt 9 av dei 12 vi deler ut i år, og fram til og med fredag 25.11.22 kan du nominere dine kandidatar for prisane i november og desember.)

2024 © Odda Frivilligsentral