Frivilligprisen for juli 2022!

Vi gratulerer eit multitalent innan frivillig arbeid - Jarle Øvsthus - med Frivilligprisen for juli 2022!

Under eit flott arrangement i kinosalen, som du kan lesa meir om her, var tida inne for å dele ut prisen til Jarle. Og settinga var perfekt, for sjølv om han blei "tatt på senga" var Jarle omgitt av store delar av OFK familien pluss andre gjester denne kvelden.

Etter å ha tatt i mot Ordførarens grunngjeving frå eit kinosete i mørkret, vart Jarle beden om å koma opp på scenen til stor jubel frå salen. Her fekk han overrakt sjølve prisen, nydelege blomar og ein pose med både kortreist og langtvegsfarande godbitar samt nokre effektar frå Friluftshovudstaden. Prisvinnaren var tydeleg takknemleg for prisen, og nytta anleiinga til å dela prisen med alle dei gode frivillige han har vore så heldig å samarbeida med gjennom mange år. 

Her er grunngjevinga til juryen som Ordføraren las opp (på ekte Roald vis): 

Kjære Jarle!

Du har vist deg som ein ildsjel og frivillig ressurs i mange ulike samanhengar i mange, mange år:

Ditt årelange arbeid for og i OFK i ulike rollar må sjølvsagt nevnast. 

Romjulscup’en – julas høgdepunkt for mange i ei årrekke. 

Stiftar av velforening på Freim, der arbeidet du starta har resultert i både ballbinge og ny leikeplass. 

Din storstilte innsats i Eide og Omegn Velforening, som i 2021 gjorde ein kjempejobb med å bygge Eide Aktivitetspark – ein god og viktig møteplass for leik og aktivitet for befolkninga vår, både frå fjern og nær. Og det pågåande prosjektet der med å få etablert ein skikkeleg badeplass bak Hovden. 

Ditt engasjement, dine evner og ståpåvilje har vært svært essensielle i desse prosjekta. Dugnadsånd og vilkårslaus frivillighet kjennetegner deg, og dette smitter over på og inspirerer dei rundt deg. Eit brennande engasjement for å få til gode rammer for barn, unge og eldre både i nærmiljøet, i Odda og i Ullensvang gjør at det er ei stor gleda for oss å få overrekka deg Frivilligprisen for juli månad!

Vi gratulerer Jarle så mykje med ein veldig fortent Frivilligpris!

(Juryen har allereie vedteke 9 av dei 12 vi deler ut i år, og fram til og med fredag 25.11.22 kan du nominere dine kandidatar for prisane i november og desember.)


  

2024 © Odda Frivilligsentral