Siste høve til å nominere månadens frivillige i Ullensvang kommune.

Denne veka, fram til og med fredag 25.11.22, er siste høve til å nominere månadens frivillige for november og desember.

Frivillige enkeltmenneske, grupper og lag står på gjennom året på ulike måtar, og svært mange fortener ein slik pris. Ved hjelp av ein jury vedtatt i Utval for Kultur og Levekår 15.02.22 vil 12 av desse få utdelt ein pris gjennom 2022. Vi har no delt ut 5 av prisane, og fleire utdelingar er planlagt dei neste vekene.

Til og med fredag 25.11.kan du nominere dine favorittar for månadene november og desember.

For å hjelpe juryen i sitt arbeide, er det flott om du grunngjev forslaget ditt med nokre setningar slik at dei blir betre kjend med din kandidat.

  1. Digitalt på lenkjene nedanfor:  

Stem på  månadens frivillige i NOVEMBER her innan 25.11.

Stem på månadens frivillige i DESEMBER her innan 25.11.  

       

2. Sende ein SMS til Odda/Ullensvang Frivilligsentral på telefon 907 03 646 med:

  1. NAMN på din kandidat 

  2. KVIFOR denne/desse bør vinne - og bruk gjerne fleire setningar for å hjelpe juryen i avgjersla si

  3. DITT namn

2024 © Odda Frivilligsentral