Fantastisk kick-off for Fritt Fram på Aga!

For ein dag, for ein tur og for nokre menneske - denne kick-off'en går inn i minneboka :)

26 deltagarar frå Ullensvang, med røter frå både Odda, Ullensvang, Norge og mange deler av verda samlast på Aga måndag 06.09. Nokre kom med buss, nokre med bil og dei frå andra sido kom med den kulaste båten i Ullensvang.

Første post på programmet var omvsining på Agatunet, ein kjend plass for nokre av oss og ei ny oppleving for andre. Under kyndig veiledning frå Line B. Iversen og Guttorm Rogdaberg fekk vi ei strålande orientering om livet gjennom fleire tusen år på Aga, og alle fekk seg nokre aha-opplevingar og ny kunnskap om den fantastiske historia til Aga-tunet og regionen.

Etter dette rusla vi bort til det flotte utsynspunktet ved starten av Kultur og naturstien, der Kåre Grønsnes venta på oss. Vi pakka ut kaffekanner og nydelege koronapakka kaker frå Bokkotunet, og naut utsikten og selskapet.

Etterpå losa Kåre oss gjennom Kultur- og naturstien og også her lærde vi nye fakta-kunnskapar. Stemninga var svært så god med hoi-ing og latter, og alle kom ned stien med beina intakt.

Turen enda på stranda, denne perlo på Aga, der vi måtte slita oss laus for å ta fatt på heimturen.

Tusen takk til Line, Guttorm og Kåre for ein fantastisk dag, og til alle de som deltok! Vi gledar oss til nye turar allereie.

Med varm helsing

Elin og Knut Steinar (Odda/Ullensvang FVS), Liv Bente (Jondal FVS) og Vibeke og Olaug (Verksemd for Inkludering).

Les meir om Fritt fram prosjektet her.

#friluftshovudstaden




2024 © Odda Frivilligsentral