FRITT FRAM I FRILUFTSVEKO

Prosjektet Fritt Fram, i regi av Jondal Frivilligsentral, Odda/Ullensvang Frivilligsentralar og Verksemd for inkludering, har fokus på å få alle som ynskjer med på lystbetonte, lett tilgjengelege opplevingar i Friluft.

Prosjektet er støtta av fylkeskommunen. Alle er hjarteleg velkomne til å delta, og vi ynskjer å spesielt invitera deg med innvandrarbakgrunn. Fritt Fram har to arrangement i Friluftsveko 4.-12. september, og vi fylgjer alle smittevernsråd.

Mandag 06. september kl.11.00 – 14.00 Kickoff på Aga

Program:

10.30 Rutebuss fra Odda (husk munnbind)

11.15 Omvisning på Agatunet

12.30 Kåre Grønsnes loser oss gjennom Kultur og Naturstien på Aga

13.00 Kaffe og kake på Agastranda

14.20 Rutebuss til Odda (husk munnbind)

Påmelding innan fredag 03.09.21 på e-post: frivillig@ullensvang.kommune.no eller på tlf.: 975 58 505 på grunn av antall til omvisninga. Då fortel vi deg også om bussruter og eventuell samkøyring frå alle stader i kommunen om du ikkje reiser til Aga på eigen hand.


Torsdag 09. september kl. 18.00 Fellestur til Storaneset

Felles oppmøte på parkeringsplassen i krysset Buer/Eidesåsen ved campingen på Eide. Kultur- og idrettsjef Else Marie Sandal er turleiar til Storaneset som er neset som går ut på vestsida av Sandvinsvatnet.
 
 
 For spørsmål ta kontakt med Odda Frivilligsentral på telefon 975 58 505.


2024 © Odda Frivilligsentral