Velkomen til Ullensvang Foreiningportal!

Endeleg er den her: Ein portal med informasjon om alle lag, foreiningar og andre aktørar som tilbyr aktivitetar i Ullensvang.

I foreiningsportalen her finn du informasjon om lag, foreiningar og andre som tilbyr ulike aktivitetar i Ullensvang kommune. Vi har eit rikt foreiningsliv med mange spanande aktivitetar, og ynskjer at flest mogeleg skal få tilgong til informasjon om desse. Dette er nyttig både for innbyggjarane, besøkande, tilflyttarar, kommunen, Frivilligsentralene og foreiningane sjølve.  

Foreiningane/aktørane får i desse dagar tilgangskode på mail slik at dei kan legga ut eigen informasjon. Difor blir portalen meir og meir innhaldsrik når desse legg inn fakta. Etter kvart får ein også mogelegheit til å legge ut bilde/logo, og menytekstane vil koma på nynorsk. 

Under Hjarte-fana finn du oversikt over aktørane med inndeling etter både kategori og lokasjon i kommunen om du treng det.

Under Stjerne-fana kan du søke etter bestemte aktivitetar og sjå kven som til tilbyr desse.

Manglar din foreining tilgangskode, har du ein foreining/aktivitet som ikkje ligg i portalen, treng hjelp eller har andre innspel: Ta svært gjerne kontakt med oss på Odda/Ullensvang Frivilligsentralar  - så hjelper vi kvarandre med å få ein god og informativ foreiningsportal som inviterer til kjekke aktivitetar og ei god og meiningsfull fritid for alle i Ullensvang!

Send oss mail: frivillig@ullensvang.kommune.no

Ring oss: 975 58 505.

2024 © Odda Frivilligsentral