-
Frivilligprisen 2024 til Sigbjørn Kambestad!
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt frivilligprisen 2024.
Tilskot til mangfalds- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet
Det er opna for ny søknadsrunde i tilskotsordninga til mangfalds- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet.Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar tilskotsordninga som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet. Det kan gjevast tilskot til prosjekt eller til å få dekka eingongsutgifter i 2023 og 2024.
Fristen for å søke på ordninga er 16. februar 2023 , klokka 13.00.
Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søke tilskot. Ordninga gjeld både organisert idrett, eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv.
Dette er målgruppene for ordninga:
- Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låginntekt.
- Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplev særlege barrierar.
- Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
- Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar opp til 26 år, som er jenter/kvinner, eller personar som har funksjonsnedsetting eller minoritetsbakgrunn.
Les meir om ordninga og korleis du kan søke her.
For ytterlegare spørsmål og informasjon, ta kontakt med:
Christian Leivestad
Rådgjevar for idrett og friluftsliv, Ullensvang kommune
Tlf.: 45207117
Del på:
-
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.
-
Frivilligprisen 2024 i Ullensvang kommune
Innan 1. oktober 2024 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i Ullensvang kommune
-
Natteravnane i Odda: Startskot for vårsesongen
No startar Natteravnane i Odda vårsesongen sin, og det er rom for fleire ravnar utover våren.
-
Gratulerer, takk og lukka til, David!
I dag har David Strand sin siste dag i praksis her på frivilligsentralen.