Spørjeundersøking - frivillige lag og foreiningar i Ullensvang kommune.

Vi ber alle frivillige lag og foreiningar svare på spørjeundersøkelse knytta til utvikling av ein frivillig- og samspelstrategi i Ullensvang kommune.

Utarbeidinga av ein frivillig- og samspelstrategi for Ullensvang kommune skal skje i nært samspel med frivillig sektor. Difor vert det folkemøter for frivillige lag og foreiningar rundt om kring i kommunen i løpet av våren.

I tillegg til dette ynskjer vi å få direkte innspel frå dei enkelte laga/foreiningane om status, samspel, rekruttering, mål og utfordringar. Av den grunn ber vi om at alle laga i kommunen svarar på ei spørjeundersøking - slik at vi saman kan laga ein strategi som tek i vare breidda i frivillig sektor i Ullensvang. Difor er det viktig at de prioriterer å svare på denne.

Undersøkinga finn du her,  og vi ber om at alle lag svarar på denne innan 1.mai 2022.

Saman gjer vi kvarandre gode!

2024 © Odda Frivilligsentral