GRATULERA YNGVE!

Den fyrste frivilligheitsprisen i 2022 vart delt ut torsdag denne veka. Pris for Månadens frivillige i januar gjekk til Yngve Tveit!

Yngve er ein kjend skikkelse i det frivillige miljøet i Odda. Han er aktiv i helsesportgruppa til Odda Idrettslag og ein frivillig eldsjel i Odda Fotballklubb. Du kan og sjå han som frivillig for Blueslaget Lokst Utøve, Odda Røde Kors og han har lagd ned nærare to hundre dugnadstimar i aktivitetsparken på Eide. For å nemna noko.

I går vart Yngve lurt. Han var kalla inn på dugnad i OFK-huset og stilte som vanleg opp. Stor var forundringa når ordføraren, ulasteleg antrukke med kjede på plass, med følge entra lokalene med gode ord, pris, vakre blomar og nydeleg kake. Når den fyrste overraskinga hadde lagd seg, var månadens prisvinnar eit stort smil. Han delte villig vekk kake med representantar frå OFK, aktivitetsparken på Eide, Blueslaget Lokst Utøve, Frivilligsentralen, Hardanger Folkeblad og ordføraren.

Vi gratulerer Yngve så mykje!

Juryen takkar for alle dei gode forslaga som har kome inn til prisane i januar og februar, der dei hadde veldig mange gode kandidatar å velga mellom. Heldigvis er det mange månadar igjen av året, så fleire flotte frivillige vert trekt fram i ljoset og nokre av dei vert valgt ut til å vinne prisar.

Du kan no nominera enno fleire kandidatar i månadane som kjem her.

2024 © Odda Frivilligsentral