Frivilligprisen 2023 i Ullensvang kommune!

Innan 1. oktober 2023 kan du nominere nokon du meiner fortener denne!

Ullensvang kommunestyre  vedtok på møte 06.09.23 at det frå og med i år skal delas ut ein årleg frivilligpris i Ullensvang kommune.

  • Alle innbyggjarar kan melde inn kandidatar til prisen innan 1. oktober 2023, og ein kan nominere einskildpersonar, grupper eller foreiningar.
  • Ein nedfelt jury går gjennom nominasjonane og velger kven som får prisen blant desse. 
  • Overrekkinga vert gjort på FN's internasjonale frivilligheitsdag den 5. desember kvart år i eit eige arrangement.
  • Prisen består av ei innramma utmerking samt at prisvinnaren kan dela ut kroner 25.000,- til valfri frivillig organisasjon eller organisasjonar.

Du kan lesa meir om dette i retninglinene til Frivilligprisen.

Du kan nominere digitalt på denne lenka, eller hente eit fysisk nominasjonsskjema på innbyggartorga. 

2024 © Odda Frivilligsentral