Frivilligheitsprisen mars 2022

Gratulera til Stein Egil Legård!

Laurdag kveld vart frivilligheitsprisen for mars delt ut på Iris Scene i forkant av kveldens konsert der. Mottakaren av prisen var ikkje førebudd på utdelinga. Han vart ropt ut frå kjøkkentenesten han heldt på med og vart vitne til at ordførar Roald Aga Haug kom snikande inn sidedøra i retning scenen.

Etter kvart som ordføraren la fram ærendet sitt frå scenen skjønte prisvinnaren at det faktisk var han som var kveldens midtpunkt, og etter oppfordring gjekk han også opp på scenen og mottok pris, vakre blomar og denne fine omtalen:

Stein Egil har jobba veldig mykje frivillig i løpet av åra, alltid hatt eit engasjement for små og store happeningar og bidratt til veldig mange ulike arrangement.

I snart tre tiår har han stått på for Blueslaget Lokst Utøve, og vært leiar i brorparten av desse åra. Han brenn for musikkmiljøet lokalt, og har saman med blueslaget gitt unge, lokale musikarar ein scene å stå på og sørga for at folk i Ullensvang har fått oppleve mange flotte arrangement og konsertar.

Stein Egil får ting gjort, og har ei haldning om at “dette fikser vi” og “dette ordner seg”. Han blir beskreven som tøff, samvittighetsfull og hardtarbeidande - og har evne til å engasjera dei rundt seg med sin stå-på-vilje og eit engasjement som er smittande. Og latteren sit alltid laust.

Utan Stein Egil hadde ikkje blueslaget vore det same, og kulturlivet i kommunen mykje fattigare.

Det er difor ei stor glede å dele ut Frivilligheitsprisen til Stein Egil Legård.

Prisvinnaren virka godt nøgd med tildelinga, takka fint og sa at han delte prisen med alle dei andre i Blueslaget. Og sjølvsagt fekk han kaka også! 

Og hugs: Du kan no nominere kandidatar til Frivilligheitsprisen i april direkte på denne lenka. Den politisk utnemde juryen set stor pris på grunngjevne nominasjonar frå heile Ullensvang kommune på enkeltpersonar, grupper eller lag.


2024 © Odda Frivilligsentral