Frivilligheitsprisen februar 2022

Gratulera til vaksinevertane!

Frivilligheitsprisen for februar blei delt ut torsdag denne veka, og den gjekk til vaksinevertane i Tyssohallen.

Dei er kjend for dei aller, aller fleste i kommunen vår. Dei har vist veg, registrert oss og tatt hand om smittevernet når vi har vaksinert oss mot korona. Og det var ikkje vanskeleg for ordføraren å ramsa opp ei mengde med superlativer om denne gjengen: Sporty, uthaldande, pliktoppfyllande, serviceinnstilte, omsorgsfulle og opne for stadige endringar i vaksineprogrammet som har oppstått undervegs. Nokon har vore eit par gongar, andre mange gangar og nokon nesten alle gongar. Nokon har tilbrakt heile dagar der, andre halve, og nokon har kome direkte dit etter at arbeidsdagen deira var over. Hovedsaken er at ALLE har bidratt - og alle har vore med å syta for at vårt dyktige vaksineteam fikk trygga resten av innbyggjarane og vaksinert dei både ein, to, tre og for nokon fire gonger - og den innsatsen står det utruleg respekt av.

Sidan 28. januar 2021 har dei til saman deltatt på 61 vaksineringsdagar - hovudsakleg i Tyssohallen men og på andre lokasjonar i kommunen. Vi har ikkje tal på kor mange stolar dei har tørka av, men det er snakk om fleire titalls tusen. Men vi har nokre andre tal. 67 frivillige har lagt ned 4884 frivillige timar i dette arbeidet. Det tilsvarer omtrent 3 årsverk, som har ein verdi på mellom 2 og 3 millionar kroner. Berre så det er nevnt.

I tillegg til diplomar med pris fekk vinnarane overrakt nokon genuine produkt som svært få har - lekre handlenett, drikkeflasker og buff’ar med logoen til Friluftshovudstaden - noko som såg ut til å falle i smak. Alle overrakt med personleg takk og klem frå ordføraren. Toppa med deilig kaka, kaffe og brus såg og høyrdes det ut til at vinnarane var godt nøgde - og glade for å treffa “gjengen sin” igjen der dei har knytt band og venskap gjennom sitt arbeide.

Vi er no ajour med tildelingane i 2022, og ber innbyggjarane nominera kandidatar til frivilligheitsprisen for mars månad. Det kan ein gjere til og med 25. mars direkte på denne lenka. (Bruk gjerne nokre setningar på begrunninga for å gjere jobben enklare for juryen).



2024 © Odda Frivilligsentral