-
Frivilligprisen 2024 til Sigbjørn Kambestad!
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt frivilligprisen 2024.
Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2023. Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar hat hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.Det er ope for søknader og søknadsfristen er 1. september.
Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søke på ordninga. Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det søkast om kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2023. Dette gjeld også dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.
Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon.
Det kan søkast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.
De finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida vår:
Momskompensasjon på varer og tjenester – Lottstift. Her ligg også informasjon om oppdateringar de må vite om i 2023.
Del på:
-
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.
-
Frivilligprisen 2024 i Ullensvang kommune
Innan 1. oktober 2024 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i Ullensvang kommune
-
Natteravnane i Odda: Startskot for vårsesongen
No startar Natteravnane i Odda vårsesongen sin, og det er rom for fleire ravnar utover våren.
-
Gratulerer, takk og lukka til, David!
I dag har David Strand sin siste dag i praksis her på frivilligsentralen.