Frivillig bistand i samband med våre nye innbyggjarar frå Ukraina

Mange innbyggjarar, grupper, lag og andre aktørar ynskjer å bistå frivillig i samband med våre nye innbyggjarar frå Ukraina.

Vi set stor pris på dette. Odda/Ullensvang Frivilligsentralar vil bistå med koordinering av dette arbeidet.

Du kan melde inn om du ynskjer å bidra med frivillig innsats, tenester, arrangement eller anna i denne lenka.

Då tek frivilligsentralen kontakt for ei nærare avklaring om kor og kva du/de ynskjer å bistå med.

Takk for at du engasjerer deg!


2024 © Odda Frivilligsentral