FOLKEMØTE: INNSPEL TIL FRIVILLIG- OG SAMSPELSTRATEGI I ULLENSVANG KOMMUNE

Ullensvang kommunestyre vedtok i desember 2020 at Ullensvang kommune skal ha ein Frivillig og samspelstrategi, og Frivilligsentralane er no i gang med dette arbeidet

Denne skal utarbeidast i nært samspel med frivillig sektor. Ei stor spørjeundersøking vert rulla ut veke 11 og det vert folkemøte rundt i krinsane/områda i heile kommunen i løpet av våren.

Innhald på folkemøta:

  • Frivillig- og samspelstrategi - kva, kvifor, korleis

  • Spørjeundersøking 2022

  • Kva har me i dag?

  • Kor vil me?

    • Dialogkafe. Summing om 4 ulike tema rundt borda.

    • Oppsummering i plenum


Fastsatte folkemøte i mars:

torsdag 17. mars kl. 19.00 i Bygdahallen på Nå.

sundag 20. mars kl. 17.00 på Kulturhuset i Herand.


Kvifor ein kommunal Frivillig- og samspelstrategi?

Forsking fortel oss at det frivillige engasjementet aukar når det offentlege er gode tilretteleggjarar. Frivillighet Norge si erfaring er at kommunar med god frivilligpolitikk har meir dialog med breidda av frivilligheita lokalt enn kommunar som ikkje har det. 

Det er mykje å vinna på å forsterka samarbeidet mellom kommunen og den lokale frivilligheita:

  • Frivilligheita skapar store ressursar.

  • Frivilligheita skapar meirverdiar.


Kvifor er ein kommunal Frivillig- og samspelstrategi attraktiv for ditt lag/foreining?

Strategien skal utviklast i dialog med breidda av lag og foreiningar. Gjennom å gje innspel til innhaldet kan strategien medverka til dømes å:

  • Gjera det enklare for laga å søkja og rapportera på midlar.

  • Tilretteleggja tilskotsordningane til laga sine behov.

  • Medverka til synleggjering av laga for å stimulera til auka rekruttering.

  • Leggja til rette for kompetanseheving som er viktig for laga.

  • Leggja til rette for årlege møteplassar der kommunen og laga kan diskutera utfordringar og behov.

  • Syta for meir tilgang til rimelege eller gratis lokaler/arenaer.

Ein kommunal frivilligpolitikk aukar mogelegheita for at kommunen blir ein god tilretteleggjar for frivillig sektor innan område som er attraktive for laga.



2024 © Odda Frivilligsentral