Bli med på Kulturcamp for ungdom!

Er du klar for ei veka med mykje moro i sommar?

Saman med Kirkens Bymisjon Odda og Blueslaget Lokst Utøve inviterer Frivilligsentralen og Ullensvang kommune deg som er i alderen 13-20 år (fødd mellom 2002-2008 ) til ei veke med Kulturcamp i Odda i veke 25, som er 20.-24. juni.

Her kan du teste ut ulike kulturaktivitetar saman med andre ungdommar frå Ullensvang, bli kjent med nye folk, oppdage nye interesser og møte andre som liker å holde på med det same som deg. Du kan denne veka prøve ut nokre av følgjande aktivitetar:

  • Tegning/maling

  • Smykkedesign

  • Foto/film

  • Lyd/lys/scene (alt som skjer bak scenen)

  • Musikk (for deg som syng eller spelar instrument, i band o.l.)

  • Dans/koreografi

  • E-sport/gaming

  • Matlaging

  • Arrangering av event/tilstelning/fest


Desse workshopene har ulik varigheit, frå ein dag til alle dagar. Du kan markere dei som interesserer deg mest på påmeldingsskjemaet.

Veka vert avslutta med ungdomsfest på fredagen som er for, av og med ungdommen. Denne er planlagt og gjennomført av ungdommane sjølve, med bistand frå aktivitetsleiarar. Her får ein sett noko av det som har foregått tidlegare i veka.

Kulturcampen er gratis, og du får gratis lunsj kvar dag.

Kjernetida er  kl. 10.00 - 15.00 frå måndag til torsdag, og fredag frå ca. 15.00 - 20.30.

Dette tilpasser vi aktuelle bussruter i kommunen, og i dei tilfellene der det ikkje samsvarar med rutebuss, organiserer vi skyss for deltakarane.

For dei som ikkje kan delta alle dagane, er det likevel råd å melde seg på og oppgje korleis dagar ein ynskjer å delta.

PÅMELDING FINN DU HER. Påmeldingsfrist er onsdag 8. juni.

Vi sender ut meir informasjon og samtykkeskjema samt innhenting av informasjon om allergi, behov og liknande for utfylling etter påmelding. Er du under 18 år sender vi denne til foresatte. 


Sommarjobb

Vi har 9 sommarjobbar ledige på Kulturcampen for deg i alderen 13-20 år.. Dette passar for deg som liker å ta noko ansvar, er innstilt på å gjere nokre faste arbeidsoppgåver, tilrettelegga og bidra til at dei rundt har det bra. Du blir medhjelparen til dei ansvarlege instruktørane i dei ulike gruppene. Om du ynskjer å søka på ein av desse jobbane, send ein mail til: elin.myran@ullensvang.kommune.no. Oppgi kvifor du ynskjer jobben, og om du  har nokre interesser/erfaringar som samsvarer med dei ulike workshopene


Bakgrunn for Kulturcamp for ungdom 

Ullensvang kommune er valgt ut som pilotkommune i pilotprosjektet Framtidas kulturskule. Ei prosjektgruppe samansett av personar frå ulike sektorer driv prosjektet i samhandling med andre aktørar, og Kulturcampen er eit delprosjekt her. Vi har inngått eit samarbeid med Kirkens Bymisjon og Blueslaget Lokst Utøve om denne, og Gjensidigestiftelsen har støtta Kulturcampen 2022 med kr. 300.000,-.

2024 © Odda Frivilligsentral