Frivilligprisen for august 2022!

Vi gratulerer den fabelaktige Kinoframsynaren på Krossvoll - Ingvald Aarsand - med Frivilligprisen for august månad!

Det hadde seg sånn at denne veka var Formannskapet i Ullensvang sitt møte lagd til Hardanger Energi i Kinsarvik. Og som tilfeldigheitene rår, der jobber prisvinnaren Ingvald. Då passa det særs godt å dele ut prisen denne dagen. Som alltid likar vi jo overraskelsar, og ein hemmeleg plan blei iverksatt. Vibeke på Kinsarvik Frivilligsentral fiksa alt det praktiske i forbindelse med overrekkinga og var fotograf. Med særs god hjelp av avdelingsleiar Geir og kontoransvarlig Gry på Hardanger Energi - så møtte Ingvald til lunsj med sine medarbeidarar og heile Formannskapet. Og ante fred og ingen fare. 

Ordføraren, i full mundur, tok ordet og fortalte om Frivilligprisen og dens misjon - for deretter å avsløra prisvinnaren. Det blei mottatt med vill jubel av resten av forsamlinga, så det var tydeleg at juryen har tatt eit val som folket var enig i. 

Her er Ordførarens tale og juryens begrunnelse:

Kjære Ingvald!

Du er sjølvaste kinomannen på Lofthus. I åravis har din frivillige innsats sytt for at små og store får gode opplevingar, spanande filmtilbud og fine stunder på Krossvoll. Du legg til rette for ulike happeningar for ulike aktørar og grupper, og du gjer Krossvoll til ein særs viktig møteplass og kulturell institusjon både for lokalmiljøet og for Ullensvang.

Det blir sagt om deg at du er ein å ringa til uansett kva ein treng hjelp til. Du er alltid til å lita på, du stiller opp for alle, du er omsorgsfull og har ei stort hjarta. Du blir faktisk beskreve som ein av verdas snillaste personar – Ja, til og med så snill at det går an å ta deg på augene.

Det er difor ei stor gleda å få lov å overrekka deg Frivilligprisen for august månad!

Vi gratulerer Ingvald så mykje med ein veldig fortent Frivilligpris!

(Juryen har allereie vedteke 9 av dei 12 vi deler ut i år, og fram til og med fredag 25.11.22 kan du nominere dine kandidatar for prisane i november og desember.)

    

2024 © Odda Frivilligsentral