Natteravn

Natteravnane har eksistert i mange år i Odda, og gjer ei formidabel innsats med å vera til stades for dei unge ute på lørdagskveldane.

Som natteravn forplikter du deg til å gå i lag med andre natteravnar ein gong i halvåret (eller fleire om du ynskjer det) frå ca. kl. 23.30. Varigheta på vandringa varierer alt etter kor mykje folk som er i bybildet. Nokon gongar til kl. 01.00, andre gongar til kl. 02.30.

Du møter på Frivilligsentralen i Odda, der det heng natteravnjakker og vestar som er uniforma di. Vidare har de ein eigen natteravnsekk som inneheld noko førstehjelpsutstyr, munnbind, antibac og liknande.

Natteravnane i Odda har sitt eige styre som foretek alle ideologiske og praktiske forhald rundt natteravninga. Vi set deg i kontakt med styreleiar om du lurer på noko.

Som natteravn følgjer du desse etiske retningslinjene.

Ynskjer du å melde deg som natteravn? Fyll ut skjemaet Bli frivillig som du finn her: https://odda.frivilligsentral.no/dokument?bli-frivillig&Id=79672 så tek vi kontakt med deg.

2024 © Odda Frivilligsentral