Personvernerklæring

Dette dokumentet handlar om korleis Odda/Ullensvang Frivilligsentralar samlar inn, lagrar og nyttar informasjon om personar. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kva dette betyr for deg.

Innleiing

Ved Odda/Ullensvang Frivilligsentralar er vi opptekne av at du skal ha tillit til oss og korleis vi handsamar dine personopplysningar. I denne personvernerklæringa informerer vi om korleis vi innhentar, oppbevarer og nyttar personopplysningar. Vårt mål er å vera heilt opne om dei data vi samlar inn og gje deg forståing for korleis desse data vert brukt og evt. delt. .

Opplysningar vi samlar inn og handsamar

Informasjon om våre frivillige

Frivilligsentralen held kontakt med dei frivillige og formidlar frivillig innsats. Derfor har vi eit register over dei frivillige, der dei frivillige gjev sitt samtykke til lagring av fylgjande opplysningar:

  • Navn, fødselsdato, adresse, telefon, e-post, bilde
  • Kva aktivitetar den frivillige er med i
  • Kva oppdrag den frivillige deltar på

Vi syt for at alle våre frivillige skrive under erklæring av teieplikt og innhentar politiattest for dei som skal arbeide med barn og ungdom. I vårt register lagrar vi erklæring om teieplikt og politiattest.

Informasjon om våre brukarar/tenestemottakarar

Når vi formidlar frivillig arbeid til enkeltpersonar, treng vi å ha kontaktinformasjon om dei som mottar tenestene. Dette gjerast for å forenkle kommunikasjon mellom dei som er involvert og for å levere ei god teneste.

Informasjon om våre deltakarar

Når sentralen gjennomfører arrangement, treng vi av og til å vite kva for personar som deltek. Her lagrar vi for det meste kontaktinformasjon.

Informasjon om dei som besøker nettsidene våre

For de som besøker våre nettsider, samlar vi inn bruksdata for å kunne tilpasse sidene best mogleg. Vi nyttar Google Analytics til å måle bruken av nettsidene. IP-adressa anonymiserast ved at vi slettar den siste siffergruppa. All kommunikasjon foregår over sikker forbindelse med https.

Informasjon om de vi er i kontakt med

Vi lagrer ofte telefonnummer og e-post på dei vi er i kontakt med. Når det gjeld e-post, tar vi vare på inn- og utgåande e-post for arkivbehov. Vi har ikkje sentralbord, men bruker ein mobiltelefon som hovudnummer.

Kven deler vi personopplysningar med?

Vi deler informasjon om brukar/tenestemottakar til frivillige der vi mener det er nødvendig. Elles deler vi ikkje personopplysninger med nokon utanfor frivilligsentralen.

Dine rettigheter

Personar som har personopplysningar hos Odda/Ullensvang Frivilligsentralar kan be om fylgjande:

  • Få tilgang til personopplysningar vi har om vedkomande
  • Sletta opplysningar som vi ikkje lenger har grunnlag til å oppbevara
  • Begrensa eller stoppa behandlinga av dine opplysninger

Ta gjerne kontakt med oss om du vil ha meir informasjon om dette. Kontaktinformasjon står nedst i dokumentet.

Dersom du meiner at vi handsamar personopplysningar i strid med personopplysningslova, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, er det fint om du kontaktar oss slik at vi kan svara på dine spørsmål eller oppklare eventuelle misforståingar.

Kontaktinformasjon

  • Odda/Ullensvang Frivilligsentralar
  • Org.nr: 920 500 633 
  • Kontaktpersonar
    • Elin Myran, dagleg leder
    • Knut Steinar Bu, servicemedarbeidar
  • Telefon: 975 58 505
  • E-post: frivillig@ullensvang.kommune.no
  • Besøksadresse:  Røldalsvegen 56, 5750 ODDA
  • Postadresse: Opheimsgata 31, 5750 ODDA


2024 © Odda Frivilligsentral