Frivilligmessa 2026 i Ullensvang

Velkomen til den første frivilligmessa i Ullensvang! Laurdag 26. september kl. 12.00 opner messa, og her får frivillige lag og organisasjonar muligheita til å synleggjera sine lag, rekruttere nye medlemmer, møte andre frivillige lag og skape ein flott dag for innbyggjarane i Ullensvang. Både eksisterande innbyggarar og tilflyttarar kan finne seg nye fritidsaktivitetar og treffe dykk personlig, noko som kan gjera det lettare å starta i eit nytt lag.

Praktisk informasjon og påmelding for lag og foreiningar:

Tid: Messa foregår laurdag 26. september og varer frå klokka 12-15, og vi ber dykk møte mellom kl. 10 og 11 for rigging av dykkar stand. 

Lokasjon: Vi har tinga Iris Scene, Sentralbadet litteraturhus og Lindehuset til messa slik at det skal vera plass til alle på eit samla område i sentrum. Vi legg messa til Odda denne fyrste gongen, då det er geografisk midtpunkt i kommunen.

Praktisk organisering: Vi legg til rette for at alle får eit bord og 2-3 stolar per stand. Om de treng meir plass og møblar kan de oppgje dette i påmeldingsskjemaet. 

Sal av mat/drikke og anna: Dette kan vera ei gylden anledning til å tene inn pengar til dykkar lag, og de må gjerne selge mat/drikke, lodd, lykkehjul, gåvekort på medlemsskap eller andre ting. I tillegg til pengar til klubbkassa, gjer dette messa endå kjekkare for innbyggjarane.

Aktivitetar: De må gjerne legge til rette for utprøving av ulike aktivitetar. Vi ber dykk svare på dette i påmeldingsskjemaet for å legge til rette for nok plass til dykkar eventuelle aktivitet, og til bruk i marknadsføringa av messa.

Påmelding: De kan melde dykk på via denne lenka til eit googleskjema:  https://forms.gle/4xT2YDYQCs5V9JfeA innan måndag 7. september.

Treng de meir informasjon eller lurer på noko, så er det berre å ta kontakt med Jondal Frivilligsentral (Stig), Kinsarvik frivilligsentral (Andreas), Odda Frivilligsentral (Elin) samt rådgjevar for friluftsliv, folkehelse og idrett (Dag Endre, epost: dag.endre.opedal@ullensvang.kommune.no).

Ha ein fortsatt god sommar, så håpar vi at vi møtes i september :)



2026 © Odda Frivilligsentral