Nominer til Frivilligprisen 2026 i Ullensvang kommune

Innan 8. oktober 2026 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i kommunen.

Ullensvang kommunestyre vedtok på møte 06.09.23 at det kvar år skal delast ut ein frivilligpris i Ullensvang kommune.

● Alle innbyggjarar kan melde inn kandidatar til prisen innan 8. oktober, og ein kan nominere einskildpersonar, grupper eller foreiningar.

● Ein nedfelt jury går gjennom nominasjonane og velger kven som får prisen blant desse.

● Overrekkinga vert gjort i samband med FN's internasjonale frivilligheitsdag den 5. desember kvart år i eit eige arrangement.

● Prisen består av ei innramma utmerking samt at prisvinnaren kan dela ut kroner 25.000,- til valfri frivillig organisasjon eller organisasjonar.

Du kan lesa meir om dette i retninglinene til Frivilligprisen: https://ullensvang.kommune.no/api/presentation/v2/nye-innsyn/filer/v-0a336fc1__178f__4c38__8f38__3c7bd5ffdbe6-1585407_1_A!d-2019129893!jESvK8?pid=1

Du kan nominere på denne lenka (skjema Ullensvang kommune): https://dialog.ullensvang.kommune.no/dialogue/UVK-108, eller hente eit fysisk nominasjonsskjema på innbyggartorget og på frivilligsentralane i Jondal, Kinsarvik og Odda.

Takk for at du engasjerer deg!


2026 © Odda Frivilligsentral