-
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.
Frivilligprisen 2024 til Sigbjørn Kambestad!
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt frivilligprisen 2024.På FN's dag for frivillighet, 5. desember, vart frivilligprisen til Ullensvang kommune delt ut til ein beskjeden og takknemleg vinnar. Leiar for Utval for kultur og levekår, Marit Jensen Måkestad, stod for sjølve utdelinga. Bygdahallen på Nå oste av julestemning og samhald. Mange innbyggjarar i alle aldrar deltok på julafesten, og når vinnaren vart avslørt var det jubel, fanfare og dundrande applaus i hallen. Bygdafolket veit alt som Sigbjørn driv på med til glede og nytte for andre rundt seg og syna sin einigheit i at prisen var komt i hendene til ein velfortent vinnar. Gløgg og pepperkaker blei servert av blide jenter, og trur du ikkje at nissen fant vegen med snop til ungane som seg hør og bør i desse tider.
Nå musikklag stod for den framifrå underhaldninga, og spelte alle dei kjære julesongane etter tur og orden medan bygdafolket gjekk rundt juletreet. Ein praktfull fanfare vart og spela av dirigent Mihai Sorohan når vinnaren blei ropt ut. Du kan lesa juryens begrunnelse i talen til Sigbjørn her: Frivilligprisen 2024
Frivilligprisen består av ei innramma utmerking og blomar. I tillegg får vinnaren ein gåvesjekk på 25.000 kroner som ein kan dela ut til ein eller fleire frivillige organisasjonar. Sigbjørn valde å dela pengane i to, og delte dei mellom Bygdahallen og Vikebygdkrinsen, som er dei naturlege treffpunkta for alle i lokalmiljøet. I tillegg fekk vinnaren ein kasse med godbitar å kosa seg med i førjulstida. Vel unt, og vel blåst, kjære Sigbjørn!
Elles ynskjer vi å takka:
- Kåre og Elias saman med sine gode hjelparar som sytte for eit steminingsfullt arrangement der lokalbefolkninga fekk møtas og hylla vinnaren i fellesskap.
- Nå musikklag for nydeleg musikk og julastemning til fingerspissane.
- Juryen for frivilligprisen, som består av tre medlemmer frå Utval for kultur og levekår og fem medlemmer høvesvis frå Ullensvang kommune sitt eldreråd, ungdomsråd, idrettsråd, råd for personar med nedsett funksjonsevne og frivilligrepresentant frå friviligsentralanes rådgjevande organ.
Del på:
-
Frivilligprisen 2024 i Ullensvang kommune
Innan 1. oktober 2024 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i Ullensvang kommune
-
Natteravnane i Odda: Startskot for vårsesongen
No startar Natteravnane i Odda vårsesongen sin, og det er rom for fleire ravnar utover våren.
-
Gratulerer, takk og lukka til, David!
I dag har David Strand sin siste dag i praksis her på frivilligsentralen.
-
Digital heimehjelp?
Vi søkjer frivillige til digital heimehjelp.