-
Frivilligmessa 2026 i Ullensvang
Velkomen til den første frivilligmessa i Ullensvang! Laurdag 26. september kl. 12.00 opner messa, og her får frivillige lag og organisasjonar muligheita til å synleggjera sine lag, rekruttere nye medlemmer, møte andre frivillige lag og skape ein flott dag for innbyggjarane i Ullensvang. Både eksisterande innbyggarar og tilflyttarar kan finne seg nye fritidsaktivitetar og treffe dykk personlig, noko som kan gjera det lettare å starta i eit nytt lag.
Natteravnane i Odda: Startskot for vårsesongen
No startar Natteravnane i Odda vårsesongen sin, og det er rom for fleire ravnar utover våren.Natteravning handlar om å vera til stades for born og unge når dei ferdas ute på kvelds- og nattetid, ta ansvar og vise medmenneskeleg omsorg når dei unge treng det.
Saman kan vi vera med på å skapa tryggleik, trivsel og tilhørigheit i vårt lokalsamfunn slik at born og unge får ein tryggare oppvekst.
Som natteravn får du anledning til å diskutera med og læra av andre foreldre. Du får eit innblikk i dei unge sin verden utanfor heimen sine trygge veggar, og du får meir kunnskap om kva dei unge er opptatt av.
Har du lyst å bidra? Ein laurdag i halvåret går du saman med 2-3 andre ravnar i Odda sentrum frå kl. 23.30 i ca. 2-3 timer. Odda Frivilligsentral sender ut vaktlister samt påminning på SMS nokre dagar før det er din tur.
Ta kontakt med oss på telefon 47512152 eller på mail til frivillig@ullensvang.kommune.no om du vil vera med på laget!
Del på:
-
Nominer til Frivilligprisen 2025 i Ullensvang kommune
Innan 19. november 2025 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i kommunen.
-
Frivilligprisen 2024 til Sigbjørn Kambestad!
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt frivilligprisen 2024.
-
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.
-
Frivilligprisen 2024 i Ullensvang kommune
Innan 1. oktober 2024 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i Ullensvang kommune