-
Frivilligmessa 2026 i Ullensvang
Velkomen til den første frivilligmessa i Ullensvang! Laurdag 26. september kl. 12.00 opner messa, og her får frivillige lag og organisasjonar muligheita til å synleggjera sine lag, rekruttere nye medlemmer, møte andre frivillige lag og skape ein flott dag for innbyggjarane i Ullensvang. Både eksisterande innbyggarar og tilflyttarar kan finne seg nye fritidsaktivitetar og treffe dykk personlig, noko som kan gjera det lettare å starta i eit nytt lag.
Gratulerer, takk og lukka til, David!
I dag har David Strand sin siste dag i praksis her på frivilligsentralen.David arbeider til vanleg i 50% stilling på Utneheimen samstundes som han studerer til sjukepleiar i 75% på Høgskulen på Vestlandet. I forbindelse med at han no tar emnet Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv, søkte han om å få ha praksisen tilknytta dette her på sentralen. Så i 5 veker har no har vi hatt gleda av David si erfaring, kompetanse og gode vesen i vår daglege drift.
Våre brukarar har óg hatt stor glede av David. Han har i tillegg til å ivareta dei på ein strålande måte utført ulike prosjekt under sin praksis her, og vi kjem til å sakne han no når han er ferdig.
Vi gratulerer David med vel bestått praksis som vi har feira med lunsj på Bokkotunet i dag. Vi takkar for alt han har tilført sentralen den stunda han har vore her, og ynskjer han lukke til med den siste tida som student. Vi krysser fingrane for at våre vegar møtes igjen! :)

Del på:
-
Nominer til Frivilligprisen 2025 i Ullensvang kommune
Innan 19. november 2025 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i kommunen.
-
Frivilligprisen 2024 til Sigbjørn Kambestad!
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt frivilligprisen 2024.
-
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.
-
Frivilligprisen 2024 i Ullensvang kommune
Innan 1. oktober 2024 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i Ullensvang kommune