Digital heimehjelp?

Vi søkjer frivillige til digital heimehjelp.

Den digitale revolusjonen gjer at dei eldre i dag treng både meir innføring i og bistand til å auke sin digitale kompetanse, og korona-pandemien har skutt fart på dette med fleire lysår. 

Sjølv om frivilligsentralen har vekentlege treff og kurs med digital hjelp, er det ikkje alle som kan delta på desse grunna mobilitets- og andre utfordringar. 

Gjennom å byggja opp ein base med frivillige, kurse desse og utstyre dei teknisk ynskjer vi å gje eit tilbod til eldre heimebuande i kommunen vår om Digital Heimehjelp.

Prosjektet er finansiert gjennom tildelte midler frå Helsedirektoratet. Du vil få utdelt utstyr og få opplæring samt veiledning undervegs.

Du kan melde di interesse på denne lenka: https://forms.gle/hMDRqV2VA2dRVj5m7

2024 © Odda Frivilligsentral