-
Frivilligmessa 2026 i Ullensvang
Velkomen til den første frivilligmessa i Ullensvang! Laurdag 26. september kl. 12.00 opner messa, og her får frivillige lag og organisasjonar muligheita til å synleggjera sine lag, rekruttere nye medlemmer, møte andre frivillige lag og skape ein flott dag for innbyggjarane i Ullensvang. Både eksisterande innbyggarar og tilflyttarar kan finne seg nye fritidsaktivitetar og treffe dykk personlig, noko som kan gjera det lettare å starta i eit nytt lag.
iUllensvang.org
Lurer du på kva du kan gjere i Ullensvang? iUllensvang.org er ei oversikt over frivillige lag, foreiningar og aktivitetar i UllensvangDen tidlegare kalla Ullensvang foreiningsportal har no fått nytt navn og adresse: iUllensvang.org - for å gjere det enno lettare for deg å finne fram til ei oversikt over frivillige lag, foreiningar og aktivitetar i Ullensvang. Ingen grunn til å kjeda seg - her er mykje å ta seg til for store og små i alle delar av kommunen.
Lag og foreiningar
- Treng de ny tilgangskode for å redigera informasjonen frå dykkar lag eller har de eit lag/aktivitet som ikkje er reigistrert - ta kontakt med oss så fikser vi det. Kontaktinfo finn du nedst på sida.
- På iUllensvang.org finn du og lenker til ulike tilskot og andre nyttige sider for ditt lag.
Elles gjer vi merksam på at den gamle adressa ullensvang.foreiningsportal.no framleis fører fram til iUllensvang.org.
Del på:
-
Nominer til Frivilligprisen 2025 i Ullensvang kommune
Innan 19. november 2025 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i kommunen.
-
Frivilligprisen 2024 til Sigbjørn Kambestad!
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt frivilligprisen 2024.
-
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.
-
Frivilligprisen 2024 i Ullensvang kommune
Innan 1. oktober 2024 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i Ullensvang kommune