-
Frivilligmessa 2026 i Ullensvang
Velkomen til den første frivilligmessa i Ullensvang! Laurdag 26. september kl. 12.00 opner messa, og her får frivillige lag og organisasjonar muligheita til å synleggjera sine lag, rekruttere nye medlemmer, møte andre frivillige lag og skape ein flott dag for innbyggjarane i Ullensvang. Både eksisterande innbyggarar og tilflyttarar kan finne seg nye fritidsaktivitetar og treffe dykk personlig, noko som kan gjera det lettare å starta i eit nytt lag.
Utviklingsstipend til idrettsutøvarar
Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ni utviklingsstipend à 40 000 kr til unge idrettsutøvarar. Søk innan 1. oktober.Stipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong. Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.
Les meir og søk på denne lenka: https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/idrett/utviklingsstipend-til-idrettsutovarar/
Del på:
-
Nominer til Frivilligprisen 2025 i Ullensvang kommune
Innan 19. november 2025 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i kommunen.
-
Frivilligprisen 2024 til Sigbjørn Kambestad!
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt frivilligprisen 2024.
-
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.
-
Frivilligprisen 2024 i Ullensvang kommune
Innan 1. oktober 2024 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i Ullensvang kommune