Frivilligprisen for november 2022!

Vi gratulerer ein frivillig inspirator av rang - Haldor Hauge - med Frivilligprisen for november 2022!

Haldor har gjennom fleire tiår sett spor etter seg innan frivilligheit i Jondal, og bridge, fotball og volleyball er stikkord her. Under utdelingseremonien på Iris Scene Odda i midten av desember fekk Haldor overrakt tale frå Ordføraren, pris, blomar og effektar frå Friluftshovudstaden. Du kan lese meir om seremonien her.

Haldor var takksam for prisen, og sa at når ein har fått ein så fin idrettshall i Jondal - så må ein jo bruke den. Så sant som det er sagt. Her er juryen si grunngjeving for prisen til Haldor:

Kjære Haldor!

Gjennom ei årrekke har du satt spor etter deg i frivillig sektor i Jondal. Du har vore pådrivar og aktiv i Jondal Bridgeklubb i fleire tiår. Vidare har du vore aktiv i Jondal Idrettslag i ei årrekkje.  Jondal Idrettslag er ein av institusjonane i Jondal, og er viktig for lokalbefolkninga. Her har du har vore fotballtrenar i mange år. Og i dag så er du mest kjend som Mister Volley. 

Det blir sagt at du er heilt unik i forhald til å aktivisere og inspirera ungdom i Jondal Idrettslag. På eige initiativ har du søkt om treningstid i den nye idrettshallen , og starta opp Volleyballtrening for ungdommar og vaksne. Og spesielt ungdomsgruppa har fått mange frammøtte , og du møter opp kvar onsdag og trenar ungdommane som er i ungdomsskulealder. 

Barne- og ungdomsidretten i Noreg er avhengig av foreldreinnsats, og mange foreldre stiller som trenarar og hjelparar undervegs i oppveksten til barna sine. Det at du stiller opp for ungdommane i bygda til tross for at du ikkje har barn i aktuell alder sjølv er prisverdig. At du bruker fritida di på å gje ungdommar aktivitet, moro og samspel er fabelaktig. At du arrangerer trening og reiser på kampar med ungdommane er strålande - og engasjementet blant ungdomsgruppa viser at dette er du veldig god på. Det er difor ei stor gleda å overrekka deg Frivilligprisen for november!

Vi gratulerer Haldor med ein kjempefortent frivilligpris! 

 

2024 © Odda Frivilligsentral