-
Frivilligmessa 2026 i Ullensvang
Velkomen til den første frivilligmessa i Ullensvang! Laurdag 26. september kl. 12.00 opner messa, og her får frivillige lag og organisasjonar muligheita til å synleggjera sine lag, rekruttere nye medlemmer, møte andre frivillige lag og skape ein flott dag for innbyggjarane i Ullensvang. Både eksisterande innbyggarar og tilflyttarar kan finne seg nye fritidsaktivitetar og treffe dykk personlig, noko som kan gjera det lettare å starta i eit nytt lag.
Siste høve til å nominere månadens frivillige i Ullensvang kommune.
Denne veka, fram til og med fredag 25.11.22, er siste høve til å nominere månadens frivillige for november og desember.Frivillige enkeltmenneske, grupper og lag står på gjennom året på ulike måtar, og svært mange fortener ein slik pris. Ved hjelp av ein jury vedtatt i Utval for Kultur og Levekår 15.02.22 vil 12 av desse få utdelt ein pris gjennom 2022. Vi har no delt ut 5 av prisane, og fleire utdelingar er planlagt dei neste vekene.
Til og med fredag 25.11.kan du nominere dine favorittar for månadene november og desember.
For å hjelpe juryen i sitt arbeide, er det flott om du grunngjev forslaget ditt med nokre setningar slik at dei blir betre kjend med din kandidat.
Digitalt på lenkjene nedanfor:
Stem på månadens frivillige i NOVEMBER her innan 25.11.
Stem på månadens frivillige i DESEMBER her innan 25.11.
2. Sende ein SMS til Odda/Ullensvang Frivilligsentral på telefon 907 03 646 med:
NAMN på din kandidat
KVIFOR denne/desse bør vinne - og bruk gjerne fleire setningar for å hjelpe juryen i avgjersla si
DITT namn
Del på:
-
Nominer til Frivilligprisen 2025 i Ullensvang kommune
Innan 19. november 2025 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i kommunen.
-
Frivilligprisen 2024 til Sigbjørn Kambestad!
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt frivilligprisen 2024.
-
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.
-
Frivilligprisen 2024 i Ullensvang kommune
Innan 1. oktober 2024 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i Ullensvang kommune