-
Frivilligmessa 2026 i Ullensvang
Velkomen til den første frivilligmessa i Ullensvang! Laurdag 26. september kl. 12.00 opner messa, og her får frivillige lag og organisasjonar muligheita til å synleggjera sine lag, rekruttere nye medlemmer, møte andre frivillige lag og skape ein flott dag for innbyggjarane i Ullensvang. Både eksisterande innbyggarar og tilflyttarar kan finne seg nye fritidsaktivitetar og treffe dykk personlig, noko som kan gjera det lettare å starta i eit nytt lag.
Spørjeundersøking - frivillige lag og foreiningar i Ullensvang kommune.
Vi ber alle frivillige lag og foreiningar svare på spørjeundersøkelse knytta til utvikling av ein frivillig- og samspelstrategi i Ullensvang kommune.Utarbeidinga av ein frivillig- og samspelstrategi for Ullensvang kommune skal skje i nært samspel med frivillig sektor. Difor vert det folkemøter for frivillige lag og foreiningar rundt om kring i kommunen i løpet av våren.
I tillegg til dette ynskjer vi å få direkte innspel frå dei enkelte laga/foreiningane om status, samspel, rekruttering, mål og utfordringar. Av den grunn ber vi om at alle laga i kommunen svarar på ei spørjeundersøking - slik at vi saman kan laga ein strategi som tek i vare breidda i frivillig sektor i Ullensvang. Difor er det viktig at de prioriterer å svare på denne.
Undersøkinga finn du her, og vi ber om at alle lag svarar på denne innan 1.mai 2022.
Saman gjer vi kvarandre gode!
Del på:
-
Nominer til Frivilligprisen 2025 i Ullensvang kommune
Innan 19. november 2025 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i kommunen.
-
Frivilligprisen 2024 til Sigbjørn Kambestad!
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt frivilligprisen 2024.
-
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023
Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.
-
Frivilligprisen 2024 i Ullensvang kommune
Innan 1. oktober 2024 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i Ullensvang kommune