VARME FØTER i Ullensvang

Aksjonen er no avslutta for sesongen, men kjem att til hausten/vinteren.

Aldersgruppe: For alle

Frivilligsentralane i Jondal, Odda og Ullensvang samt Verksemd for Inkludering inviterer deg med på aksjonen VARME FØTER i Ullensvang. :)

Mange av oss sit no inne. Det er kaldt ute og sosial kontakt er begrensa til eit minimum. Difor inviterer vi alle som har lyst med på dette.

Det er ein kald vinter i år, og ikkje alle born og ungdomar er godt “skodd” i kulda.

Har du tid, lyst og restegarn på lur til å laga sokkar/labbar? Eller gjerne vottar og luer? Om du vil strikke, hekle, gimpe eller hakke - det bestemmer du sjøl. Slik kan du væra med å varma små og større føter, hender, hovud og hjarter i heile Ullensvang. <3

I denne gruppa kan du gjerne legga ut bilder av det du lager til inspirasjon for andre. :)

Praktisk info:

Legg det du har laga i brødposar e.l. og merk gjerne med størrelse. Når Ullensvang opnar opp igjen legg vi ut informasjon om kor du kan levere det i ditt område. Frivilligsentralane og Verksemd for Inkludering syt så for at det du har laga går til nokon som treng det (etter plagga har lagt i anbefalt karantenetid).

Vil du sende det i posten kan du sende det til

Odda/Ullensvang Frivilligsentral, Opheimstgt. 31, 5750 ODDA.

2024 © Odda Frivilligsentral