Friveka 16. - 20. november 2020

Som erstatning for aktivitetar som vi har måtta avlyst grunna smittevern, arrangerer vi Friveka 16. - 20. november med koronavennlege uteaktivitetar som eit virkemiddel for å unngå einsemd og isolasjon.

Aldersgruppe: For alle

Vi er inne i ein periode med auka Covid 19 smitte i heile landet, og nye retningslinjer innan smittevern gjer at mange sosiale aktivitetar vert avlyst. Samstundes er regjeringa oppteken av at vi skal ta vare på utsatte grupper som kan føla ekstra på einsemd og isolasjon i disse tider, og ha eit tilbod til dei. På Frivilligsentralen har vi måtta kutta ut nokre aktivitetar som berører desse gruppene. Vi ynskjer difor å arrangere ei trygg aktivitetsveke med ein uteaktivitet kvar dag som erstatning. Aktivitetane er varierte for å treffa ulike menneske, men felles for dei alle er at vi gjer dei tryggast mogeleg med tanke på smittevern.

Alle aktivitetar følgjer nasjonale smittevernreglar, og krev at du som deltakar melder deg på før aktiviteten. Dette kan du gjere på telefon: 97558505 eller på e-post: frivillig@ullensvang.kommune.no



2024 © Odda Frivilligsentral