Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023

Rapporten frå kartlegginga av frivillige organisasjonar i Ullensvang 2023 er no klar.

Frivillig sektor er ein av dei tre store samfunnssektorane i Norge, saman med offentleg sektor og næringslivet. I Ullensvang kommune er frivillig sektor mangfaldig og sterk. I desember 2020 fatta Ullensvang kommunestyre vedtak om at det skulle verta utarbeidd ein frivillig- og samspelstrategi som skal legge til rette for vekst og utvikling for frivilligheita som ein uavhengig samfunnssektor. Frivilligsentralane i Ullensvang har fått som oppgåve å lede dette arbeidet.

Formålet med å kartlegge frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune er å legge grunnlaget for ein lokalt tilpassa strategi som reflekterer lokale behov og moglegheiter. Gjennom kartlegginga vart alle frivillige lag og organisasjonar invitert med inn i arbeidet, og på den måten påverke og bidra til det vidare arbeidet med strategien. Hausten 2023 vart ein stor spørjeundersøking rulla ut, og i desember hadde me tre folkemøter for frivillig sektor i Odda, Kinsarvik og Jondal. 

Vi takkar frivillig sektor for alle gode innspel og for at dei har delteke i kartlegginga - dette gjer at vi no har eit godt grunnlagsmateriale til frivillig- og samspelstrategien!

Rapporten frå kartlegginga finn du her: 

Kartlegging av frivillige organisasjonar i Ullensvang kommune 2023 

No skal arbeidet med utarbeiding av strategien i gang i samarbeid med representantar frå kommune og frivillig sektor, og den er planlagt å vera ferdig innan april 2025. 

2024 © Odda Frivilligsentral