-
Om oss
Lyst å gjere noko positivt saman med andre? Då er du kome til rett stad - ta kontakt med oss!
Om oss
Lyst å gjere noko positivt saman med andre? Då er du kome til rett stad - ta kontakt med oss!Odda Frivilligsentral vart etablert i 2009 og er ein kommunal eigd frivilligsentral. Vi er ein møteplass som formidler kontakt og samhandling mellom menneska i lokalmiljøet. Ein stad å bruka augeblinket; å dela med andre og å få attende. Ein stad der aktivitetane er styrt av deg; av dine behov, ønskjer og engasjement.
HAR DU EIN GOD IDÈ?
På frivilligsentralen kan du få hjelp til å iverksetta den. Er det noko du sakner i Odda? Er det noko du kan bidra med til glede for andre? Ta kontakt, så kan vi hjelpa deg til å realisera din idé.