-
Digitalhjelp til Helseboka?
Ullensvang kommune har no innført Helseboka i forbindelse med Covid-19 vaksinering. Treng du hjelp til å lasta den ned/logga deg på?
VARME FØTER i Ullensvang
Aksjonen er no avslutta for sesongen, men kjem att til hausten/vinteren.Aldersgruppe: For alle
Frivilligsentralane i Jondal, Odda og Ullensvang samt Verksemd for Inkludering inviterer deg med på aksjonen VARME FØTER i Ullensvang. :)
Mange av oss sit no inne. Det er kaldt ute og sosial kontakt er begrensa til eit minimum. Difor inviterer vi alle som har lyst med på dette.
Det er ein kald vinter i år, og ikkje alle born og ungdomar er godt “skodd” i kulda.
Har du tid, lyst og restegarn på lur til å laga sokkar/labbar? Eller gjerne vottar og luer? Om du vil strikke, hekle, gimpe eller hakke - det bestemmer du sjøl. Slik kan du væra med å varma små og større føter, hender, hovud og hjarter i heile Ullensvang. <3
I denne gruppa kan du gjerne legga ut bilder av det du lager til inspirasjon for andre. :)
Praktisk info:
Legg det du har laga i brødposar e.l. og merk gjerne med størrelse. Når Ullensvang opnar opp igjen legg vi ut informasjon om kor du kan levere det i ditt område. Frivilligsentralane og Verksemd for Inkludering syt så for at det du har laga går til nokon som treng det (etter plagga har lagt i anbefalt karantenetid).
Vil du sende det i posten kan du sende det til
Odda/Ullensvang Frivilligsentral, Opheimstgt. 31, 5750 ODDA.
Del på:
-
Drop-In Digitalhjelp
Står du fast eller treng hjelp på mobil, nettbrett eller andre digitale hjelpemidler, kan du ta deg en tur til oss.
-
Friveka 16. - 20. november 2020
Som erstatning for aktivitetar som vi har måtta avlyst grunna smittevern, arrangerer vi Friveka 16. - 20. november med koronavennlege uteaktivitetar som eit virkemiddel for å unngå einsemd og isolasjon.
-
Handarbeidskafé
Kvar onsdag samlas handarbeidsglade folk på Frivilligsentralen.
-
Språk og lekse-kafé mandager kl. 16.00-18.00
Ein møteplass med fokus på samtale og språklæring samt leksehjelp for deg som vil bli kjend med nye mennesker, ha ei sosial og hyggjeleg stund saman med andre og der du kan lære deg eller lære andre meir språkforståring. Her kan ein og få hjelp med lekser eller hjelpe andre med lekser.