Erklæring om teieplikt

Personar som tek oppdrag for frivilligsentralen må ha akseptert erklæring om teieplikt.

Erklæring om teieplikt

Som frivillig forpliktar eg meg herved til ikkje å bruka, openberre, utlevere eller på anna vis gjera tilgjengeleg for uvedkomande informasjon om alle personlege opplysningar som eg er blitt kjend med i mitt arbeid knytta til frivilligsentralen.

Eg vil óg vise aktsamheit i omtale av andre forhold som eg blir kjend med eller erfarer under mitt arbeid.

Personlege opplysningar som er gjeve av ein brukar i samanheng med saksbehandling og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykke frå brukaren nyttas internt. 

Eg har lest dei lovbestemmelsar som er anført i denne erklæringa. Eg er dermed klar over straffelovens kapittel 21 samt markedsføringslovens § 28 og § 29. Eg er kjend med at brudd på desse bestemmelsane kan medføra straffeansvar.

Eg er óg klar over at teieplikta gjeld både i tida eg er knytta til frivilligsentralen og etter at mitt engasjement er avslutta. 

Som frivillig plikter eg meg til å: 

  • seie frå når eg er syk, eller av anna orsak er forhindra fra å kome. 
  • seie frå når noko ikkje fungerar 
  • seie frå når eg ikkje kan fortsetja mitt engasjement, óg ferie/ opphald. 
  • si fra når jeg vil slutte

Eg er kjend med og godtek at kontaktperson (dagleg leiar) har eit ansvar for oppfølgjing og derav har krav på å høyre korleis kontakten med brukaren går. 

Relevante lovar

Teieplikta sitt omfang

Teieplikta omhandlar helse- og sjukdomshøve, følelsesliv, livssyn og religion, familieforhold og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomisk situasjon, fødestad, personnummer, statsborgerskap, yrke, bostad og arbeid, - når brukaren gjev opplysningar til dagleg leiar, frivillig hjelpar, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når videreformidling kan medføra skadeverknad for den det gjeld.

Bruk på nett

Taushetserklæringa gjelder og dersom den frivillige har bekrefta at den er akseptert på ei nettside.

2024 © Odda Frivilligsentral