-
Natteravnane i Odda: Startskot for vårsesongen
No startar Natteravnane i Odda vårsesongen sin, og det er rom for fleire ravnar utover våren.
FRITT FRAM I FRILUFTSVEKO
Prosjektet Fritt Fram, i regi av Jondal Frivilligsentral, Odda/Ullensvang Frivilligsentralar og Verksemd for inkludering, har fokus på å få alle som ynskjer med på lystbetonte, lett tilgjengelege opplevingar i Friluft.Prosjektet er støtta av fylkeskommunen. Alle er hjarteleg velkomne til å delta, og vi ynskjer å spesielt invitera deg med innvandrarbakgrunn. Fritt Fram har to arrangement i Friluftsveko 4.-12. september, og vi fylgjer alle smittevernsråd.
Mandag 06. september kl.11.00 – 14.00 Kickoff på Aga
Program:
10.30 Rutebuss fra Odda (husk munnbind)
11.15 Omvisning på Agatunet
12.30 Kåre Grønsnes loser oss gjennom Kultur og Naturstien på Aga
13.00 Kaffe og kake på Agastranda
14.20 Rutebuss til Odda (husk munnbind)
Påmelding innan fredag 03.09.21 på e-post: frivillig@ullensvang.kommune.no eller på tlf.: 975 58 505 på grunn av antall til omvisninga. Då fortel vi deg også om bussruter og eventuell samkøyring frå alle stader i kommunen om du ikkje reiser til Aga på eigen hand.
Torsdag 09. september kl. 18.00 Fellestur til Storaneset
Felles oppmøte på parkeringsplassen i krysset Buer/Eidesåsen ved campingen på Eide. Kultur- og idrettsjef Else Marie Sandal er turleiar til Storaneset som er neset som går ut på vestsida av Sandvinsvatnet.
For spørsmål ta kontakt med Odda Frivilligsentral på telefon 975 58 505.
Del på:
-
Gratulerer, takk og lukka til, David!
I dag har David Strand sin siste dag i praksis her på frivilligsentralen.
-
Digital heimehjelp?
Vi søkjer frivillige til digital heimehjelp.
-
Folkemøte om frivillig- og samspelsstrategi
Frivilligsentralane i Odda, Kinsarvik og Jondal inviterer til folkemøte og dialogkafè om frivillig- og samspelsstrategi.
-
KULTURCAMP FOR UNGDOM FRÅ 7. TRINN - HELG 2 AV 3
I samarbeid med Ullensvang kulturskule og andre kulturutøvarar i Ullensvang inviterer vi på ny til Kulturcamp for ungdom! Aldersgrense: 7. trinn til og med vidaregåande.